Tilbodet skal:
• medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod;
• leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag;
• medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål;
• gje born oppleving av kunst og styrke deira eiga skaparevne;
• styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering.

Programmet skal omfatte visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk og kulturarv.

Framlegg må sendast inn seinast 1. oktober 2012.

Meir informasjon og skjema for innsending finn de på http://www.dks-hordaland.no og http://www.hordaland.no/innspelDKS