Kulturnæring er etter definisjonen: film, video, animasjon, TV, radio, programvare, dataspel, kunst, teater, musikk, design og mote, kunsthandverk, litteratur, arkitektur, reklame, fotografi, aviser og tidsskrift.

Kreative Sunnmøre
Møtet i Ålesund mandag 19 mai går ut, men det er fleire spennande og inspirerande tilbod i Ålesund i veke 21 som til dømes Midsommerjazz på St.Olavs plass 23 og 24 mai og ikkje minst opning av det nye Kunstgalleriet i den tidlegare trafostasjkonen i Parkgata 18 laurdag 24 mai!

Neste Kreative Sunnmøre blir i juni på Giske i samarbeid med Øygardshamna sitt prosjekt Kultur og teknologi.

Kreative Romsdal
I samarbeid med Anna & Co inviterer vi til nytt møte på Plassen i Molde tirsdag 20 mai klokka 18:30

Program:
1. Velkommen til Kreative Romsdal ved Anna T. Amundsen
2. Trombasynt - etablere kreativ bedrift på liten stad ved Filip Eidsvåg
3. Business Boot Camp - erfaringar ved Yngve Dahle frå Lean Business AS

Det blir mulig å kjøpe seg deilig Tapas for kr.100,-
Plassen har sjølvsagt Open bar

Meld deg på arrangementet på FaceBook:
https://www.facebook.com/events/1419101508362269/?ref=22

Kreative Nordmøre
Maimøtet vart halde under Nordic Light festivalen i Kristiansund 9 mai.
Les referatet her

Kreative Søre Sunnmøre
Vestnorsk Filmsenter i samarbeid med Sparebank1 Søre Sunnmøre, Volda kommune, VRI, LMS Møre og Romsdal og Sunnmøre Kulturnæringshage inviterer til møte i Kreative Søre Sunnmøre torsdag 22 mai klokka 18:30 på Seniorloftet på Rokken i Volda (Galleriet i 2 etg i konsertlokalet)

Program:
1. Siste nytt frå Vestnorsk Filmsenter v. Eirik Vaage
2. Premiære på film for Ryggskolen v. Jan Ole Bolsø

Etter innspel på forrige møte blir det høve for møtedeltakarane til å gi kortinfo om prosjekta ein arbeider med.  

Meld deg på eventet på FaceBook:
https://www.facebook.com/events/286541901507617/

Vel møtt!