Unni & Gunni

Regi: Olaug Spissøy Kyvik
Manus: Olaug Spissøy Kyvik, Anna Folkestad
Produsent: Elisabeth Kleppe
Produksjonsselskap: Aldeles AS


Tilskudd fra Vestnorsk filmsenter
November 2014: 30 000


"Unni & Gunni reiser" er ein fengjande, fantasirik og morosam animert kortfilm for små barn om dei to snakkande pingvinane Unni og Gunni. Filmen er basert på boka med same tittel av barnebok forfattar Anna Folkestad. Til no har ho skrive tre bøker om dei to pingvinvenninnene.

Unni & Gunni lev eit roleg liv i arktiske strok, men kjenner etterkvart behov for å utvide horisonten sin, slik ungar ofte gjer. Utfordringane deira er av praktisk karakter, og gjennom deira lett absurde tilnærming til det meste lærer me dei to karakterane å kjenne. Dei er nysgjerrige vesen, og går gjerne i gong før dei har alle svara. Kva kan ein oppleve på ei reise? Det veit ein ikkje utan å dra i veg!

Forrige
Forrige

Ut i verden

Neste
Neste

Min forureina familie