Ras
Regi: Simone Hooymans
Manus: Simone Hooymans
Produsent: Turid Rogne
Produksjonsselskap: Aldeles AS
Tilskudd fra Vestnorsk filmsenter
Februar 2018: 400 000
Desember 2016: 70 000
I den eksperimentelle animasjonsfilmen "RAS" utforskar Simone Hooymans dei forvandlande kreftene i ein katastrofe og skaper assosiasjonar til politiske såvel som personlege og emosjonelle kriser. Ei tilsynelatande ubetydeleg rørsle veks til eit øydeleggande ras som knuser alt det møter; hus, byar, vegar - alt blir forvandla til grus, men ut av øydeleggingane veks ein muleg ny begynnelse.