Med saksa som pensel
Regissør: Hilde Nerland
Manus: Kristofer Hivju
Produsent: Hilde Nerland
Produksjonsselskap: Tindefilm AS
Tilskudd fra Vestnorsk filmsenter
Desember 2013: 60 000
April 2013: 100 000
Hugsa du då du var barn og for første gong bretta ut eit sirlig klipt snøkrystall i papir? Det var nesten magisk: at eit flatt stykke papir kunne verte til florlette englar og snøkrystallar berre ved nokre klipp.
Slik starta det og for Karen Bit Vejle. Men i dag er hennar snøkrystallar gjerne fem meter lange og vert stilt ut verda rundt.
Kunstnaren har etablert seg som ein av verdas fremste psaligrafar, papirklipparar. Karen Bit Vejle lir av ME, kronisk utmattingssyndrom, men likevel har ho gitt seg ut på si livs største utfordring; ho vil stille ut saman med ein av verdas aller fremste ekspertar på papirklipp i Beijing, Kina. Landet er høgborga for psaliggrafi, med ein fleire tusen år gamal tradisjon.