Vest
Regi: Kjersti Steinsbø
Manus: Kjersti Steinsbø
Produsent: Kristine Knudsen
Produksjonsselskap: Den siste skilling AS
Tilskudd fra Vestnorsk filmsenter
September 2015: 100 000
Ein western satt i 1850-åra om 17-årige Liva som reiser frå Vestlandet til Nord- Amerika etter å ha vore ansvarlig for at ein mann mistar livet.
Det er mange som spekulerer i å tene pengar på slitne og forvirra utvandrarar, og ei jente som reiser aleine får mykje merksemd. Dette får Liva kjenne på kroppen når ho stig i land i Amerika; ho vert rundlurt, og mesteparten av pengane ho har med seg går tapt.
Den eigenrådige og rappkjefta jenta frå fjorden oppdagar at verda er så mykje tøffare og større enn ho visste om. Og ikkje kan ho reise tilbake til det gamle heimlandet, der venter straff. Ho er berre ei 17-årig jente frå Norge i ein alt for stor hatt. Liva må bruke det ho har av kløkt og evner for å klare seg i det nye landet.