BAKOM lanserer produksjonsstipend
Etter sommaren opnar BAKOM for to produksjonsstipend for registrerte medlemmar:
Ministipend kan gi produksjonsstøtte på opp til 5.000,- NOK for dugnadsbaserte kortfilmar innan alle sjangrar, med ei maksimal lengd på 10 minutt.
Maxistipendet kan dekke kostnadar opp til 25.000,- NOK for kortfilmar med ei maksimal lengd på 15 minutt. For å søke om maxistipendet må ein ha eit føretaksnummer og ha produsert minst éin film gjennom BAKOM tidlegare.
I tillegg kan produksjonar låne utstyr og fasilitetar frå BAKOM. Meir informasjon kjem i august.
- Talentutvikling er ei viktig satsing for filmsenteret og det profesjonelle filmmiljøet. Desse ordningane blir ein døropnar for nye talent inn i bransjen, uttalar dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter, Stine Tveten.
- BAKOM legg til rette for at unge talent kan produsere mest og best mogleg film. Vi er glade for at vi no gjennom BAKOM endeleg kan tilby produksjonsstipend, og gler oss til å følgje nye spennande prosjekt som kan realiserast ved hjelp av dei nye ordningane!
Avdelingsleiar i BAKOM, Sofie Vestad
BAKOM er ein kreativ produksjonsverkstad for unge og nye i bransjen på Vestlandet i alderen 16-30 år som vil lage film og spel, og blir drifta av Vestnorsk filmsenter med støtte frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. På BAKOM kan du utforske ulike fagfelt og sjangrar, og øve deg god på det du trivst best med. Det er gratis medlemskap. BAKOM har diverse produksjonsutstyr for utlån, arbeidsstasjonar med relevant programvare og tilgang på møterom, filmverkstad, klipperom, datalab og visningsrom. Fasilitetane er tilgjengelege for medlemmane etter avtale med avdelingsleiar, Sofie Vestad.