Hiding Saddam Hussein til CPH:DOX
Hiding Saddam Hussein skal til CPH:DOX i København, ein av dei leiande festivalane i Europa for dokumentarfilm.
Dokumentaren hadde verdspremiere under verdas største dokumentarfilmfestival, IDFA i Amsterdam i november, og skal no bli vist i seksjonen Backstory under CPH:DOX med tema notida forklart gjennom fortida.
Halkawt Mustafa (El Clásico) er manusforfattar, regissør og produsent på dokumentarfilmen, som er blant dei ni norske filmane som skal til CPH:DOX i år.
Med Hiding Saddam Hussein har regissør Mustafa oppnådd ein unik tilgang til Alaa Namuq, mannen som gøymde Saddam Hussein. Under Irak-krigen får bonden frå Aldore ein gjest - ein mann som blir jaga av 150 000 amerikanske soldatar. Gjesten er Irak sin president, Saddam Hussein. Bonden Alaa blei i løpet av 235 dagar Saddam sin livvakt, kokk, sjåfør, frisør, rådgivar - og til slutt ven.
Hiding Saddam Hussein er produsert av Janne Hjeltnes, Anders Hereid og Halkawt Mustafa, og produksjonsselskap er Hene Films i samarbeid med Screen Story og Storyline Studio.
Foto: Hene Films
Sjå informasjon om tildelingen frå Vestnorsk filmsenter her.