Kvinnedagen 8. mars
Grill av filmskapar Jade Hærem Aksnes har sidan premieren i 2023 hatt ei fantastisk reise.
Vestnorsk filmsenter gratulerer med kvinnedagen! I samband med 8. mars og ferdigstilling av Vestnorsk filmsenter si årsmelding for 2023, vil vi trekkje fram kjønnsfordelinga blant prosjekta som fekk innvilga tilskot gjennom fjoråret.
Produsentar
Kjønnsfordelinga i produsentleddet har i 2023 vore 49,6 % kvinner / 50,4 % menn. Det er veldig gledeleg med 50/50 på produsentsida, der det har vore ei meir eller mindre stabil likevekt gjennom dei siste åra sjølv om det sjølvsagt er variasjonar frå år til år.
Regi og manus
Kjønnsfordelinga i 2023 på regi og manus var 42 % kvinner / 58 % menn, der det med andre ord er rom for forbetring.
Men i 2024 er det spesielt gledeleg å sjå debuterande spelefilmregissørar som Gunnbjörg Gunnarsdottir med Victoria må dø og Nina Knag som snart skal i gang med Ikke kall meg mamma, og i 2023 debuterande dokumentarserieregissør Mathilde Meraki Ypsøy med Øya.