Neo-tilskot til Blåmann og Law of Attraction
NFI sitt talentprogram Neo skal løfe fram nye talent og bidra til fornying og mangfald på skapar- og innhaldssida i norsk film. Dei har denne våren gitt 14 tildelingar til idéutvikling og utvikling innan Neo-ordningane, deriblant til utvikling av Aldeles sin dokumentar Blåmann med Christoffer Møgster på regi, og til Mathilde Meraki Ypsøy til idéutvikling av dokumentarfilmen Law of Attraction.
- I Neo ser vi etter nye stemmer, nye innfallsvinklar, og nyskaping på innhald og form. Prosjekta som får tilskot denne runden, innfrir alle på desse punkta, seier fiksjonskonsulent Nina M. Barbosa Blad i ei pressemelding frå Norsk filminstitutt.
Aldeles sin Blåmann
Blåmann portretterer skeive som lever i heterofile forhold. Desse "blåmennene" har namn etter dei anonyme profilbileta sine på ulike digitale møteplassar. I filmen fortel dei anonymt, og dermed fritt, om ein skjult del av norsk LHBT+-verkelegheit.
- Regissøren bruker sine eigne erfaringar som ung homofil til å fortelje dei viktige historiane til dei som framleis er i skåpet, uttalar filmkonsulent Lasse Gallefoss om prosjektet.
I november 2022 mottok Blåmann utviklingstilskot frå Vestnorsk filmsenter.
Plakatdesign- og foto: Christoffer Møgster
Nytt prosjekt frå Mathilde Meraki Ypsøy
Ypsøy er nyleg er ferdig med innspeling av dokumentarserien Øya som kjem på Altibox denne hausten, og er glad for støtta til det nye prosjektet sitt.
Law Of Attraction er ein dokumentarfilm som utforskar påstanden om at det vi tenker og føler manifesterer seg i den verkelege verda. Er ein ansvarleg for alt som skjer i eige liv, på godt og vondt? Og korleis er det å bere dette ansvaret?
- Eg er svært glad for å ha mottatt Neo-tilskot til idéutvikling av det nyaste prosjektet mitt, og eg gler meg veldig til å jobbe vidare med filmen.
Mathilde Meraki Ypsøy, regissør