Produksjonstilskot til Aldeles

Kieran Kolle og Aldeles sin Vi som solgte landet mottar kr 1 600 000 i produksjonstilskot frå NFI, og er blant tre dokumentarfilmar med klimatematikk som mottar støtte til produksjon etter NFI sitt vedtaksmøte førre veke.

Bilete frå Vi som solgte landet. Foto: Aldeles

Dokumentaren gir oss ei poetisk skildring av korleis politiske avgjerder og «grønn kapitalisme» rokkar ved den norske folkesjela, og gradvis undergrev sosialdemokratiet sitt fundament.

Verda ser på Noreg som eit naturparadis, men realiteten er at vi berre har 11 % urørt natur igjen. Dei siste tiåra har naturressursar blitt selde unna i stort omfang, ofte «under radaren».

- Regissør Kieran Kolle bruker innovativ filmteknikk med tablå og observerande kamera for å skape eit emosjonelt avtrykk og gi kontekst til temaets kompleksitet, skriv Anna J. Ljungmark, filmkonsulent for dokumentarfilm ved Norsk filminstitutt, i konsulentinnstillinga.

- Ein engasjert dokumentarfilmskapar, som også er ein svært dyktig filmfotograf, går i Vi som solgte landet på innsida av nokre av dei mest betente konfliktane i norsk natur.

Filmkonsulent Lasse Gallefoss, Vestnorsk filmsenter


Vi som solgte landet har mottatt utviklings- og produksjonstilskot frå Vestnorsk filmsenter.

Forrige
Forrige

Dokumentarkonventet 2023 nærmar seg

Neste
Neste

Vestlandet dominerer europeisk kåring