Stor aktivitet i BAKOM denne sommaren

Det har denne sommaren vore stor aktivitet i BAKOM, med både konkurransar og gratiskurs for unge i regionen. Kursa har gått føre seg i Os, Bergen og på Frekhaug, der fleire unge har fått prøve seg innanfor skodespel, film- og spelutvikling. Det har blitt påmelde spennande prosjekt i sommarkonkurransane, og undervegs har deltakarane hatt rettleiingstilbod frå profesjonelle i bransjen.

Skaparglede gjennom sommarferien

For å stimulere til aktivitet og skaparglede gjennom sommaren, har BAKOM arrangert gratis kurs og opne konkurransar i skuleferien for alle vestlendingar mellom 16 og 30 år. Av desse kursa var det blant anna intensivt kurs i kortfilmproduksjon, i Bergen, Os og på Frekhaug.

Kortfilmkursa strakk seg over tre dagar, der det blei produsert eitt minutts kortfilmar. Kursdeltakarane laga kortfilm i fellesskap, og arbeidde med alt frå tilarbeiding av manus, storyboards, innspeling og å klippe det heile saman.

Kortfilmkurs på Frekhaug

Under BAKOM sitt kurs i kortfilmproduksjon på Frekhaug deltok Ingeborg Storebø frå Vestnorsk filmsenter, som fekk erfare korleis det tre dagar lange kurset var lagt opp. Det gjekk føre seg i flotte lokale på Meieriet Frekhaug, og vart leia av Malin Hannesdatter Sunde. I løpet av dei siste åra har Sunde blant anna vist kortfilmar på filmfestivalane BIFF, TIFF og Minimalen.

- Det har vore både kjekt og intenst å lage film på denne måten, og fint å få møte filminteressert ungdom. Fleire av deltakarane ønsker å halde fram med BAKOM sine tilbod utover hausten, seier Sunde.

På dag to av kurset besøkte regissør og skodespelar, Mathilde Meraki Ypsøy, kurset for å fortelje litt om bransjen. Ho leia også eitt av dei tre skodespelarkursa denne sommaren.

- Det har vore kjekt å møte så mange engasjerte unge under sommarkursa og få tilbakemeldingar om at dei set pris på tilbodet, uttalar Ypsøy om BAKOM-sommaren.

Ønsker å halde fram med tilbodet neste sommar

Avdelingsleiar i BAKOM, Sofie Vestad, er glad for at tilboda frå BAKOM denne sommaren har vore populære, og vil gjerne gjenta suksessen neste sommar.

- Etter ein innhaldsrik sommar ser vi no fram mot ein haust med mykje spennande som skjer på BAKOM, seier Vestad.

- Det er lovande å sjå at så mange unge i regionen har nytta seg av tilboda frå BAKOM denne sommaren.

Sofie Vestad, avdelingsleiar i BAKOM


BAKOM er ein kreativ produksjonsverkstad for unge og nye i bransjen som vil lage film og spel, og blir drifta av Vestnorsk filmsenter med støtte frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. På BAKOM kan du utforske ulike fagfelt og sjangrar, og øve deg god på det du trivst best med. Det er gratis medlemskap. BAKOM har diverse produksjonsutstyr for utlån, arbeidsstasjonar med relevant programvare og tilgang på møterom, filmverkstad, klipperom, datalab og visningsrom. Fasilitetane er tilgjengelege for medlemmane etter avtale med avdelingsleiar.

Forrige
Forrige

Program bransjesamling og sensommerfilmfest

Neste
Neste

Ålesundere dominerer prestisje-kåring i Hollywood