Verdspremiere av Hiding Saddam Hussein under IDFA
Den norske dokumentaren Hiding Saddam Hussein får verdspremiere under verdas største dokumentarfilmfestival, IDFA i Amsterdam 8.–19. november.
Halkawt Mustafa («El Clásico») er manusforfattar, regissør og produsent på dokumentarfilmen, som er blant dei 18 filmane som er tatt ut til Frontlight-seksjonen på IDFA.
Med Hiding Saddam Hussein har regissør Mustafa oppnådd ein unik tilgang til Alaa Namuq, mannen som gøymde Saddam Hussein. Under Irak-krigen får bonden frå Aldore ein gjest, som er ein mann som blir jaga av 150 000 amerikanske soldatar. Gjesten er Irak sin president, Saddam Hussein. Bonden Alaa blei i løpet av 235 dagar Saddam sin livvakt, kokk, sjåfør, frisør, rådgivar - og til slutt ven.
Hiding Saddam Hussein er produsert av Janne Hjeltnes, Anders Hereid og Halkawt Mustafa, og produksjonsselskap er Hene Films i samarbeid med Screen Story og Storyline Studio.