Årets tredje tildelingsrunde: Frå norskekysten til Alaskas skuggeside
Dokumentaren Havfolket kombinerer unik arkivfilm med sterke stemmer frå kysten. Foto: Erik Birkeland / Romsdalsmuseet
Den 20. juni 2024 vedtok styret i Vestnorsk filmsenter innstillinga der heile 20 prosjekt blir tildelte midlar, etter ein stor søknadsrunde med mange sterke prosjekt.
Årets tredje tildelingsrunde viser stor geografisk spreiing både på prosjekt- og søkarsida. Her finn vi alt frå ei kjærleikserklæring til kystfolket, science fiction på Sunnmøre, katastrofekomedie frå Svartediket i Bergen, til ulike portrett frå Ørsta, Hustadvika og Alaskas skuggeside.
Kjærleikserklæring til kystfolket og science fiction på Sunnmøre
Aldeles v/ Elisabeth Kleppe og Elin Sander mottar denne runden produksjonsmidlar til Havfolket, ei vittig, poetisk og hemningslaus kjærleikserklæring til kystfolket. Tidlegare denne månaden blei det også kjent at prosjektet mottar produksjonsmidlar frå NFI.
- Den nye kinodokumentaren frå produsentane av «Bergen - i all beskjedenhet». Denne gongen skal dei bruke personlege intervju og eit rikt biletemateriale frå arkivfilm til å fortelje historia om det norske kystfolket, seier filmkonsulent Lasse Gallefoss om prosjektet.
Runar Gudnason beveger seg inn i ein ny sjanger etter den sterke debutdokumentaren, Eg har ord, med miniserien Hugen som denne runden mottar utviklingsstøtte. I serien reiser ei ung kvinne og ein kunstig mann gjennom eit aude Sunnmøre.
- Resultatet er ei forfriskande og kunstnarleg ambisiøs tilnærming til science fiction-sjangeren som vil gi publikum både spenning, store spørsmål, humor og poesi, uttalar filmkonsulent Hanne-Lovise Skartveit.
Katastrofekomedie truar med å oversvømme Bergen
Handmade Films in Norwegian Woods v/ Einar Loftesnes og Kristian Bruarøy er tildelt midlar til utvikling av spelefilmen Demningen. På manuslaget har dei med seg Bergens-komikaren, Christoffer Schjelderup, med over 20 års fartstid på ulike scener over heile landet, brødreparet Helge Høibraaten og Knut Loneland Høibraaten, og Rolf Magne Golten Andersen, som nyleg vart Amanda-nominert saman med Gunnbjörg Gunnarsdóttir for manuset til Victoria må dø.
- Med på manuslaget er ein vestlandsk manusforfattar med solid erfaring i å skrive komedie for film og seriar. Produsenten med sin erfaring med katastrofefilm, sjangerfilm og den internasjonale marknaden vil bidra til at dette prosjektet kan nå sitt potensial og nå ut til eit stort publikum.
Filmkonsulent, Hanne-Lovise Skartveit
Demningen er ein spenningskomedie som blandar den store katastrofen med bølgjer av latterkuler. Då Erik og ungdomsgjengen hans leikar med dynamitt ved Svartediket i Bergen, set dei i gang ein kjedereaksjon av hendingar som, mange år seinare, truar med å oversvømme byen. Kan Bergen gå under på grunn av vatn?
Portrett frå Ørsta, Hustadvika og Alaskas skuggeside
Aldeles mottar også produksjonsstøtte denne runden til Dette var deg, om fotografiske portrett i Ørsta. Dokumentarfilmen utforskar korleis vi tidlegare gjekk til fotografen for å fryse augneblinkar av livet før smarttelefonane tok over. Regissør Turid Rogne byrja karrieren sin med sterke stillbiletedokumentarar, og vender no tilbake til heimbygda Ørsta for å fortelje bygdefolkets historier.
Aldeles mottar denne runden produksjonsmidlar til to prosjekt, her portrett frå Dette var deg. Foto: Ingeborg Lystad
Produsent Elisabeth Kleppe uttrykkjer stor glede for å motta produksjonsmidlar til to dokumentarprosjekt denne runden:
- Vestnorsk filmsenter var dei første som trudde på både Havfolket og Dette var deg, og det har vore avgjerande for å kunne utvikle filmane fram til produksjon. At dei no følgjer opp med solide produksjonstilskot betyr at begge filmane er mange steg nærare realisering. Begge filmane er regionalt forankra både tematisk og i skapingsprosessen, og vi har ein ambisjon om at dei vil nå eit stort nasjonalt og internasjonalt publikum.
Den ti år gamle fridykkaren William er guide under havoverflata på ein holme i Møre og Romsdal. Foto: Portrett av en holme / Amund Lie
I Portrett av en holme tar regissør Amund Lie frå Hydrophobic oss med til ein fridykkande familie og livet under bølgjene som slår mot ein holme i Hustadvika. Filmen utforskar det fascinerande økosystemet som eksisterer i havet og korleis det påverkar - og blir påverka av - alle som lever i området rundt holmen.
Velkommen til Anchorage er eit visuelt slåande portrett av Anchorage og Alaskas skuggeside. Filmen er ei novellesamling i dokumentarform som knyter saman fleire individuelle historier for å skildre det amerikanske samfunnet og syner korleis menneske bruker strategiar for å finne meining når kulturen dei er ein del av, forvitrar. Polyphonic Films og regissør Peter Gupta mottar produksjonsmidlar til prosjektet denne runden.
Vinteren i Alaska er lang og kald. Ingen merkar det betre enn dei heimlause som i Velkommen til Anchorage blir følgde gjennom eitt år av dedikerte vestnorske filmskaparar. Foto: Peter Gupta