Nye steg for KANSKJE, FOR DEG
Med sommaren rett rundt hjørnet, deler regissør Alexander Ophaug strålande nyhende for KANSKJE, FOR DEG, som den siste tida har tatt nye steg!
Det Danske Filminstitutt har sikra seg rettane til å distribuere kortfilmen i Danmark gjennom ein 10-års avtale. Vidare får KANSKJE, FOR DEG sin asiatiske premiere under den 19. utgåva av Busan International Kids and Youth Film Festival i Sør-Korea, som går av stabelen 10. til 14. juli. Filmen har også blitt nominert til Starlight Award, ein pris gitt av festivalen til regissørar verda over som skapar filmar som deler kjensler og opplevingar med barn, ungdom og vaksne.
- Eg er stolt over at kortfilmen vår framleis når nye sjåarar gjennom festivalar og distribusjon. Vi hadde ambisjonar frå start, men for meg personleg har filmen nådd endå fleire mål enn eg hadde venta. Den internasjonale premieren i Clermont-Ferrand vart ein viktig døropnar, der filmen vart oppdaga av fleire internasjonale aktørar.
Regissør, Alexander Ophaug
Tidlegare i år gjorde filmen sin nordamerikanske debut i Canada under den Oscar-kvalifiserande REGARD-festivalen. Filmen vart ikkje berre inkludert i konkurranseprogrammet, men også valt ut til festivalens utdanningsprogram. Til saman 4300 publikummarar har sett filmen fysisk gjennom billettsal under festivalen og skuleturnéen, og den har i tillegg blitt lansert på festivalen sin strøymeplattform i ein avgrensa periode etter festivalen.
- Distribusjon kan vere utfordrande, særleg for kortfilm. Vi har opplevd mange oppturar med KANSKJE, FOR DEG, sjølv om det også har blitt nokre nei. Ein må ikkje gi opp – plutseleg begynner ballen å rulle, og då må ein vere klar, uttalar Ophaug.
Denne reisa viser styrken og moglegheitene som finst for norsk kortfilm på den internasjonale scena - vi gratulerer!