Alexander Ophaug til Signaturpitchen 2024

Alexander Ophaug og prosjektet TÅRENE TILHØRER IKKE MEG (TEARS NOT MINE) er valde ut av Vestnorsk filmsenter til å delta på Signaturpitchen 2024, som blir arrangert for 7. gong under Kortfilmkonventet 24.-25. januar. Inntil sju utvalde prosjekt frå ulike norske regionar konkurrerer om ein prispott på 70 000 kroner, gitt av landets regionale filmsenter.

- Eg meiner at tematikken og perspektivet i denne filmen må forteljast, og eg er svært stolt over å vere Vestnorsk filmsenter sin kandidat. Målet mitt er å dra premiepotten heim til Vestlandet og etter kvart få produsert heile filmen i Bergen.

Alexander Ophaug, regissør og manusforfattar

Det var fleire sterke påmeldte kandidatar i år, og Ophaug sitt kortfilmprosjekt utmerkte seg med si klare historie og rørande, engasjerande tematikk.

- Det er svært spennande å få moglegheita til å pitche det nye prosjektet mitt på Signaturpitchen. Kortfilmprosjektet er nummer to i serien av personlege kortfilmar eg har skrive og regissert, og det bygger på ekte hendingar. Eg kryssar fingrane og takkar for tilliten, uttalar Ophaug om deltakinga på den nasjonale kortfilmpitchen.

Vestnorsk filmsenter gratulerer, og ser fram til å følgje Ophaug si spennande reise vidare!

Forrige
Forrige

The Welsh connection - Master Class med Screen Alliance Wales

Neste
Neste

Vellukka Dokumentarkonvent på Solstrand