Vellukka Dokumentarkonvent på Solstrand
Dokumentarkonventet 2023 er over, og vi takkar for flotte dagar på Solstrand med presentasjonar, diskusjonar, panelsamtalar, masterclass og mingling.
Dokumentarkonventet på Solstrand er den profesjonelle norske dokumentarfilmbransjen sitt årlege møtepunkt, og arrangementet er ei fagleg samling som skal inspirere, gi ny kunnskap og eit felles løft for bransjen. Nær 200 filmskaparar, bransjeaktørar og finansiørar har vore samla over tre dagar på årets konvent, og vi har aldri vore så mange samla på Solstrand som i år!
Den engasjerte og erfarne programkomitéen vår sikra oss eit relevant og rikt program, med prosjektpresentasjonar, panelsamtalar, debattar og oppdateringar frå kringkastarar og visningsplattformer. Programleiaren vår var Hilde Sandvik, som heldt i trådane på mesterleg vis.
I år hadde vi med oss ein sterk headliner, filmfotografen Ellen Kuras, som er ei leiande stjerne innan filmfoto og den første kvinnelege mottakaren av The American Society of Cinematographers' Lifetime Achievement Award.
Vi er også stolte av å ha hatt Alisa Kovalenko på programmet, som har laga ein av årets sterkaste dokumentarar, «We Will Not Fade Away», og Andrea Prenghyová, grunnleggaren av dok.incubator rough cut workshop.
Vi vil takke alle deltakarar og samarbeidspartnarar for flotte dager på Solstrand, og vi ser allereie fram til å starte planlegginga av neste års Dokumentarkonvent!