Gode nyhende på rekke og rad inn mot det nye året

Snart går startskotet for 2024, og på tampen av året står gode nyhende på rekke og rad. I NFI si kunngjering om produksjonstildelingar til kortfilm det siste halvåret, kjem det fram at det er blitt tildelt midlar til EAU DE CHLORINE, ROBIN IN THE HOOD og CHROMA. Frode Fimland har verdspremiere av sin nyaste dokumentarfilm 30. desember, det blir nye festivalreiser for Aldeles og Zarepta Film Production, Thorvald Nilsen er vald ut til EAVE-workshop og Westory og SØSKENBLIKK skal til Doc Forward.

Produksjonsmidlar frå NFI

Folk Film ved Anita Norfolk og regissør Nils-Johan Lund, har sikra seg produksjonsmidlar frå NFI til kortfilmen EAU DE CHLORINE, ei animert coming-of-age-historie retta mot både ungdom og vaksne.

NFI har denne hausten også tildelt produksjonsstøtte til Kristin Vollset sin ROBIN IN THE HOOD, produsert av Kompendium AS og John Kaare Hoversholm. Kortfilmen er delvis basert på verkelege hendingar og er ein kommentar til dei økonomiske ulikskapane i verda.

Ruben B. Nerheim sin animasjonsfilm om utanforskap, konformitet og sosialt press, CHROMA, blir òg støtta av NFI, med Aninaut Studios ved Dag-Erik Hansen som produsent.

Premiere for Frode Fimland

Frode Fimland har hatt stor suksess med SØSKEN TIL EVIG TID-filmane og BERGEN - I ALL BESKJEDENHET, og han er no klar med ein ny arkivbasert dokumentarfilm, EI ØY - I EI ANNA TID, med Anita Vedå som produsent.

Filmen er basert på unike opptak som politimann Erling Brekke filma over ein periode på nesten 25 år, med 16 mm filmkamera. Han dokumenterte både små og store hendingar på Askøy.

Verdspremieren blir på Ravnanger Grendahus 30. desember, der alle medverkande forteljarar kjem til å vere til stades. Planen er vidare å få filmen opp på kino på nyåret, både i Bergen og rundt om på Vestlandet.

– Mange tenker nok at dette er ein veldig lokal film om Askøy-samfunnet, men det som hende der er noko ein kan gjenkjenne i alle samfunna langs kysten. Vi håpar derfor at filmen kan treffe breitt, seier Fimland til BT.

Nye festivalreiser for Bråtveit og Aksnes

KAN NOEN FORTELLE MEG AT ALT BLIR BRA er tatt ut til neste års utgåve av den prestisjetunge kortfilmfestivalen Flickerfest i Australia. Filmen deltar i programmet 'Best of Documentary Shorts' og skal konkurrere om den gjeve 'Flickerfest Award for Best Documentary', som er Oscar-kvalifiserande. Stor gratulasjon til Siri Bråtveit, Turid Rogne og Aldeles!

Jade Hærem Aksnes og Zarepta Film Production sin kortfilm GRILL skal i januar bli vist i Trondheim, og er der valt ut til ‘Nordisk Konkurranse’ under Minimalen Kortfilmfestival. Vi ønsker lukke til og gratulerer med den fantastiske reisa til filmen!

GRILL blir tilgjengeleg på NRK nett-TV frå og med april 2024, og han har i tillegg blitt kjøpt inn av FilmBib - strøymetenesta til NFI og norske bibliotek.

Til EAVE og Doc Forward

Produsent Thorvald Nilsen og dokumentarprosjektet LØVENE VED ELVEN TIGRIS er valde ut til workshopen EAVE i 2024. Dette er eit program for filmprodusentar, med ein omfattande opplæringsprosess og utveksling av erfaringar for å styrkje ferdigheitene og nettverket deira innan filmproduksjon.

Løvene ved elven Tigris.

Solveig Årdal og Westory sitt dokumentarprosjekt SØSKENBLIKK, som følgjer søstrene Silja, Solveig og Synnøve sett frå filmskapar Solveig sitt perspektiv, er eitt av dei tre norske prosjekta som er plukka ut til Nordisk Panorama sin prosjektdrivne samproduksjonsverkstad, Doc Forward.

Vi gratulerer alle filmskaparane med dei strålande nyhenda på tampen av året!

Forrige
Forrige

Riktig god jul og godt nyttår frå oss i Vestnorsk filmsenter

Neste
Neste

The Welsh connection - Master Class med Screen Alliance Wales