Riktig god jul og godt nyttår frå oss i Vestnorsk filmsenter

Vestnorsk filmsenter vil ønske dykk ei riktig god jul og eit givande nytt år, og takkar for det innhaldsrike 2023! Vi ser fram til alt det komande året har å by på av samarbeid og historier som skal bli fortalde, og er stolte av å vere ein del av ein bransje som osar av profesjonalitet og talent.

Gjennom det siste året har vi sett framifrå prosjekt bli utvikla og realisert, og hatt inspirerande møte med bransjen. Vi ser tilbake på eit år som starta med møte med kulturbyråden på Cinemateket USF, april med produsentkurs på Hotel Terminus, bransjesamling på Bergen Kino og Kulturhuset i Bergen på slutten av sommaren, samt Vestlandstreffet i Ålesund og Dokumentarkonventet på Solstrand, som begge har gitt eit stort mangfald av fagleg påfyll.

I 2023 har vi handsama over 300 søknadar, med rekord i talet på søknadar på lange format. Vi ser stor aktivitet innanfor alle sjangrar, noko som blant anna kjem til uttrykk gjennom den store reiseaktiviteten blant filmskaparar og filmar frå Vestlandet.

Vestnorsk filmsenter held stengt frå 23. desember til og med 1. januar, og vi er godt i gong med arbeidet for eit sterkt 2024.

Vi vil takke alle filmskaparar, samarbeidspartnarar og støttespelarar for året som har gått. Det er gjennom dykkar engasjement og dedikasjon vi kan halde fram med å styrke filmfeltet her i vest!

Til slutt ønsker vi dykk og dykkar nære og kjære ei fredfull og gledeleg jul, og eit godt nytt år fylt med kreativ utfalding. Takk for eit fantastisk år - vi ser fram til å halde fram reisa saman i det komande året.

Forrige
Forrige

KANSKJE, FOR DEG til verdas største kortfilmfestival

Neste
Neste

Gode nyhende på rekke og rad inn mot det nye året