Innhaldsrik BAKOM-sommar

Det er mange grunnar til å glede seg til BAKOM-sommaren! Det blir full aktivitet med spennande konkurransar, game jam, kurs og workshops. Og ikkje minst: BAKOM utstyrssentral er open som vanleg gjennom sommaren, klar til å utruste deg for film- og spelprosjekta dine.

Kortfilmkonkurransar

BAKOM gjentar fjorårets suksess med spennande kortfilmkonkurransar innan manus, fiksjon, dokumentar og animasjon denne sommaren! Tema vert kunngjort 1. juli, med innleveringsfrist for manuskonkurransen den 5. juli og for kortfilmkonkurransen den 31. juli. Premiar til ein verdi av 5000 og 9000 kr, med kinovisning og staseleg prisutdeling etter sommaren.

Konkurransane er opne for alle mellom 16 og 30 år som bur på Vestlandet, og dyktige mentorar frå bransjen tilbyr digital rettleiing for interesserte deltakarar. På manus Sigrid Clementine Kolbjørnsen, fiksjon Gunnbjörg Gunnarsdóttir, animasjon Jan Otto Ertesvåg og dokumentar Anita Vedå.

Frå BAKOM-innspeling av «A road not taken», regi Isabel Nielsen. Foto: Johannes Vang / Rett Vest

Game jam, kurs og workshops

Allereie den komande veka, 1. til 7. juli, arrangerer BAKOM game jam for dei mellom 10 og 15 år i samarbeid med Spillhuset og Rain Games, og første helga i august blir det kurs i spelutvikling i Unreal med instruktør Ørjan Midthun.

Frå 2. til 4. august held BAKOM manus-workshop, der manuset ditt kan bli valt ut til produksjon veka etterpå. Malin Hannesdatter Sunde leiar både manus-workshopen og kortfilm-workshop frå 4. til 9. august. På den intensive kortfilm-workshopen går deltakarane frå manus til ferdig klipp på berre seks dagar.

BAKOM tilbyr òg eit skodespelarkurs for film med William Drevassbukt Myrmellom den 12. og 13. august. Her kan du lære å improvisere, korleis å formidle ekte kjensler framfor kameraet og få ei grunnleggjande forståing av å analysere scener.



BAKOM er ein kreativ produksjonsverkstad for unge og nye i bransjen på Vestlandet i alderen 16-30 år som vil lage film og spel, og blir drifta av Vestnorsk filmsenter med støtte frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. På BAKOM kan du utforske ulike fagfelt og sjangrar, og øve deg god på det du trivst best med. Det er gratis medlemskap. BAKOM har diverse produksjonsutstyr for utlån, arbeidsstasjonar med relevant programvare og tilgang på møterom, filmverkstad, klipperom, datalab og visningsrom. Fasilitetane er tilgjengelege for medlemmane etter avtale med avdelingsleiar, Sofie Vestad.

Forrige
Forrige

Vestnorsk filmsenter ønsker god sommar

Neste
Neste

Nye steg for KANSKJE, FOR DEG