Premierevisning av Øya

Torsdag 5. oktober var Vestnorsk filmsenter på premierevisning av Fotspor Film og regissør Mathilde Meraki Ypsøy sin dokumentarserie, Øya, på Bergen Kino.

Premierevisninga gjekk føre seg i akkurat samme sal som Ypsøy pitcha idéen i på Vestnorsk filmsenter si bransjesamling i fjor, som blei ei fin markering på reisa til regissøren frå pitch til eit ferdig prosjekt.

- Det var rørande med den gode responsen frå salen, og eg håpar dokumentarserien vil skape samtale rundt i kva grad skulesystemet i dag er tilpassa dagens generasjon av barn og unge, uttalar regissøren.

Dokumentarserien tar for seg kva som skjer når elevar som fell utanfor det tradisjonelle skulesystemet får oppleve læring på eigne premissar, og gjennom dei ni episodane får vi bli kjende med to gutar i tiande klasse som får arbeidserfaring på Ypsøy i Alver kommune.

- På den vesle, veglause øya på vestlandskysten får ungdomsskuleelevar som treng små avbrekk frå skulebenken oppleve meistring, feiling, samhald og tillit. I dokumentarserien Øya følgjer ein talentfull og engasjert regissør dei i kvardagen, seier filmkonsulent Lasse Gallefoss om dokumentarserien som kjem på Altibox 9. november.

Forrige
Forrige

Årets Lyskastar og Talentpris

Neste
Neste

Statsbudsjettet: Dette betyr det for vestnorsk filmbransje