Prisvinnarar BIFF 2023

Onsdag 25. oktober blei prisane frå BIFF 2023 delt ut i Røkeriet på USF Verftet, der filmbransjen, festivalgjester, filmentusiastar og BIFF-vener samla seg for avdukinga og feiring av årets prisvinnarar. Blant vinnarane finn vi GRILL av regissør Jade Hærem Aksnes og ØYEBLIKK av Siri Linn Brandsøy og Lasse Huldt Pedersen.

Kortfilmen GRILL blei kåra til beste norske kortfilm, av regissør Jade Hærem Aksnes og produsent Zarepta Film Production.

- Gjennom humor og Tara si reise får vi eit sterkt portrett av fattigdom i Noreg og desperasjonen, smerta og håpløysa Tara opplever. GRILL er eit portrett av eit klasseskild Noreg og korleis eit av verdas rikaste land handterer fattigdom, heiter det i grunngjevinga.

- Eg er utruleg glad og takknemleg for prisen og for innsatsen til alle som har bidratt til å lage filmen. Det er fint å oppleve at tematikken engasjerer, og at filmen når ut til publikum.

Jade Hærem Aksnes, regissør og manusforfattar

Produsent Farfars og regissør Siri Linn Brandsøy og Lasse Huldt Pedersen vann i kategorien kort frå vest med ØYEBLIKK.

- Filmen er ein vakker lydmessig meditasjon av den uthaldne og skjøre naturen og menneske sitt forhold til dyra og naturlandskapet, står det i juryen si grunngjeving.

Ein stor gratulasjon til alle prisvinnarane!

Forrige
Forrige

Bergen internasjonale filmfestival - takk for i år

Neste
Neste

Årets Lyskastar og Talentpris