Bergen internasjonale filmfestival - takk for i år

I dag, 26. oktober, er vi komne til siste dag av årets utgåve av Bergen internasjonale filmfestival, og Vestnorsk filmsenter takkar for nok ein flott festival med eit sterkt vestnorsk program!

Årets festival starta med fagleg påfyll på konvent for filmformidling, med gode panelsamtalar og innlegg.

BIFF-programmet 2023 har bydd på svært mykje spennande, med fleire vestnorske premierar, visningar og filmar som deltok i konkurranseprogrammet, som du kan lese meir om her.

Som tidlegare år var Vestnorsk filmsenter å treffe på Kulturhuset, i år med kontortid torsdag 19. og fredag 20. oktober, der vi fekk mange fine møter og samtalar med bransjen.

Laurdag 21. oktober var det bransjefest med utdeling av årets stipend, og du kan lese om årets stipendmottakarar i denne saka.

Kortfilmen GRILL blei kåra til beste norske kortfilm, av regissør Jade Hærem Aksnes og produsent Zarepta Film Production. Produsent Farfars og regissør Siri Linn Brandsøy og Lasse Huldt Pedersen vann i kategorien kort frå vest med ØYEBLIKK. Les meir om dei vestnorske prisvinnarane her.

Vi takkar for ei vel gjennomført 24. utgåve av Bergen internasjonale filmfestival!

Forrige
Forrige

Kortfilmkonventet og Signaturpitchen 2024

Neste
Neste

Prisvinnarar BIFF 2023