Renessanseprinsen til Nordisk Panorama
Renessanseprinsen er tatt ut til konkurranseprogrammet for Beste Nordiske Dokumentarfilm under den prestisjefulle festivalen Nordisk Panorama i Malmö, 19.-24. september 2024, og får der sin internasjonale premiere. Vestnorsk filmsenter gratulerer!
Produsent er Thorvald Nilsen og Screen Story Film og TV AS. Nilsen har tidlegare vunne prisen for Beste Nordiske Dokumentarfilm under Nordisk Panorama i 2019 med Once Aurora, med Stian Servoss og Benjamin Langeland på regi. Renessanseprinsen er regissert av Emily Louisa Millan Eide, og er blant dei 15 filmane som er utvalde til årets konkurranseprogram.
Med sin første heilaftans dokumentarfilm har Eide laga eit nært og ærleg portrett av William Heimdal, fødd i Malm i Steinkjer kommune i 2003 – noko han sjølv meiner er to tusen år for seint. Heimdal blei allereie som 15-åring løfta fram som eit seldan talent på riksdekkande fjernsyn, og har sidan då dedikert seg til eit handverk og eit kunstsyn som for lengst har gått av moten.
Dokumentaren er tilgjengeleg for strøyming hos NRK.