BAKOM-sommar full av skaparglede
Det har denne sommaren vore høg aktivitet i BAKOM. Fleire innspelingar, manus- og filmworkshopar er gjennomførte, og det har vore kurs i lyddesign, skodespel og spelutvikling. Det var også sommarkonkurransar i fire ulike kategoriar, og den komande helga blir det fullteikna gradingkurs med Christoffer Møgster.
Spillhuset Bergen lånte vekk lokala sine i Gestapohuset til sommarens filmworkshopar.
Stor aktivitet gjennom sommarferien
For å stimulere til aktivitet og skaparglede gjennom sommaren, har BAKOM arrangert gratis kurs og opne konkurransar i skuleferien for alle vestlendingar mellom 16 og 30 år.
Det har vore to manusworkshopar, og to filmworkshopar på Spillhuset Bergen der to av manusa frå manusworkshopane blei produserte. Den første runden blei halden i slutten av juni, og den andre runden i starten av august. Malin Hannesdatter Sunde har leia begge manusworkshopane og den eine filmworkshopen, der Christer Steffensen var med som rettleiar på regi og foto.
- Eg er veldig imponert over innsatsen til alle deltakarane! Det er modig å kaste seg ut i noko ein aldri har gjort før, anten det er foto, regi, lys, lyd eller skodespel. Resultatet har blitt to kule kortfilmar og fleire manus som kan bli produserte på BAKOM no til hausten, uttalar Sunde.
Filmworkshopen i august hadde heile tre instruktørar. Sunde var ansvarleg for preproduksjon, Jon Helge Stenslund for innspeling, og Elisabeth Berthelsen var med deltakarane i klippinga.
Frå innspeling av kortfilmen Fantastiske Fia! Manuset er skrive på manusworkshop av Arian Matland hos BAKOM i sommar, og deretter innspelt med Solveig Frugård Steffensen som regissør.
Det blei også halde kurs i lyddesign, skodespel og spelutvikling i Unreal. Isak Wingsternes hadde lydkurset, William Drevassbukt Myrmellom leia skodespelkurset, og Ørjan Midthun hadde kurset i Unreal.
I juli hadde BAKOM fire konkurransar: manus, animasjon, dokumentar og fiksjon. Temaet for konkurransane var «Vill», og det blei levert 10 manus og 10 filmar til konkurransane. Sigrid Clementine Kolbjørnsen var rettleiar for manusgjengen, Jan Otto Ertesvåg for animasjon, Anita Vedå for dokumentar, og Gunnbjörg Gunnarsdottir for fiksjon.
BAKOM utstyrssentral har vore open som vanleg, klar til å utruste sommarens film- og spelprosjekt, og det har blitt gjennomført fleire innspelingar.
Den komande helga, 24. og 25. august, skal det vere fullteikna gradingkurs med Christoffer Møgster, der deltakarane får lære korleis ein fargelegg ein film ved bruk av programvara DaVinci Resolve.
- Etter ein innhaldsrik sommar ser vi no fram mot ein haust med mykje spennande som skjer på BAKOM.
Sofie Vestad, avdelingsleiar i BAKOM
BAKOM er ein kreativ produksjonsverkstad for unge og nye i bransjen på Vestlandet i alderen 16-30 år som vil lage film og spel, og blir drifta av Vestnorsk filmsenter med støtte frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. På BAKOM kan du utforske ulike fagfelt og sjangrar, og øve deg god på det du trivst best med. Det er gratis medlemskap. BAKOM har diverse produksjonsutstyr for utlån, arbeidsstasjonar med relevant programvare og tilgang på møterom, filmverkstad, klipperom, datalab og visningsrom. Fasilitetane er tilgjengelege for medlemmane etter avtale med avdelingsleiar, Sofie Vestad.