Sørfond-midlar til Folk Film og Duofilm

Folk Film og Duofilm får støtte til internasjonale co-produksjonar gjennom Sørfond! Norsk filminstitutt mottok i år 33 søknadar til Sørfond med eit samla søknadsbeløp på 24 millionar kroner, og ti norske produsentar har til saman fått 5 425 000 kroner i co-produksjonsmidlar.

Foto: Alejandro Alonso

Frå Cuba kjem prosjektet The Star, som har fått 450 000 kroner i støtte. Regissør er Alejandro Alonso, og Anita Norfolk frå Folk Film er norsk co-produsent. Filmen følgjer den unge skipsopphoggaren Pitufo på ei reise frå Cuba til myrane i Sørvest-Florida. Juryen vart imponert av korleis regissøren vekslar mellom dokumentar og fiksjon, og skildrar den kubanske migrasjonsopplevinga på ein gripande måte.

Foto: Alaa Eddine Aljem

Fiksjonsprosjektet Eldorado, the Taste of the South frå Marokko, er tildelt 600 000 kroner. Alaa Eddine Aljem er regissør og har Linda Bolstad Strønen frå Duofilm som norsk co-produsent. Filmen handlar om ei gruppe migrantar som søker etter Eldorado, ei hemmeleg utopisk øy der alle lever i fred, men ender opp i ein tomatsausfabrikk med same namn. Juryen rosar prosjektet sin balanse mellom humor og realisme, og at det gir ein viktig kommentar til systematisk urett og arbeidsutnytting av migrantar.

Årets Sørfond-jury bestod av filmskapar Wanuri Kahiu (Kenya), filmkonsulent Sophie Bourdon (Frankrike) og Mads Wølner Voss, prosjektleiar for Sørfond hos Stiftelsen Festivalkontoret.

I eit klima der ytringsfridomen står under press, framhevar juryen viktigheita av å løfte fram prosjekt som på ulike måtar vil bidra til Sørfond sine overordna mål: å styrke ytringsfridom og menneskerettar, styrke film som kulturelt uttrykk, og fremje kunstnarleg fridom og kulturelt mangfald.

Forrige
Forrige

Tildelingar juni 2024

Neste
Neste

Vellukka samling av bransjen