Vellukka samling av bransjen

Vestnorske bransjedagar 2024 er over, og vi takkar for nokre fantastiske dagar på KODE 1 Permanenten med inspirerande føredrag, spennande presentasjonar og fagleg oppdatering!

Over 100 deltakarar var samla til to innhaldsrike dagar med eit variert og relevant program. Programleiar Vibeke Skistad heldt i trådane på meisterleg vis.

AI er meir relevant enn nokon gong og blir stadig meir brukt i ulike prosessar i filmproduksjon, noko som gjorde det til eit sentralt tema i fleire av sesjonane på programmet. Vi hadde ein workshop med Rebel Unit om bruken av AI i HBO-serien His Dark Materials, eit føredrag med advokat Tom Eilertsen om eigarskap av AI-generert innhald og dei potensielle fallgruvene, og førsteamanuensis Samia Touileb frå Universitetet i Bergen gjorde oss klokare på dei etiske problemstillingane rundt bruken av AI.

Vi er også stolte av å ha hatt debuterande langfilmregissør Nina Knag og Rodrigo Stoicheff frå NFI på programmet, som gav oss eit godt innblikk i Neo, og spelefilmen Eva sin veg frå idé til produksjonsavgjerd. Produsent Gaute Lid Larssen frå Cylinder Productions heldt eit engasjerande føredrag om reisa deira til Oscar-showet og raud løpar med kortfilmen Nattrikken. Og ikkje minst var regissør Erik Poppe og produsentane Stein Kvae og Finn Gjerdrum frå Paradox, saman med Njål Lambrechts frå Truewest, med oss og delte innsikt i prosessen, ambisjonane og den vestlandske tilknytinga til Nobelprisvinnar Jon Fosse sitt filmmanus, Bad Moon Rising, som no er i prosess til å bli film.

Arrangementsansvarleg Mathilde Meraki Ypsøy er strålande nøgd med gjennomføringa av bransjedagane:

- Det er gledeleg å få tilbakemeldingar frå deltakarane om at programmet har inspirert og engasjert. Vestnorsk filmsenter gjennomførte rundebordsamtalar ved starten av året, der vi blant anna ba om innspel på kva bransjen ønsker meir kunnskap om framover. Fleire av desse ønska blei tatt med vidare inn i planlegginga av det faglege programmet. I tillegg til kunnskapsheving er desse arrangementa veldig viktige for det sosiale og nettverksbyggande, og vi er glade for å ha vore så mange samla frå Vestland og Møre og Romsdal.

Ein stor takk til alle deltakarar og samarbeidspartnarar for ei vellukka samling av bransjen under Vestnorske bransjedagar 2024!

Forrige
Forrige

Sørfond-midlar til Folk Film og Duofilm

Neste
Neste

Program Vestnorske bransjedagar 2024