Stor rørsle i bransjen
GRÅDYRAS KAMP er ei poetisk og lavmælt reise i villreinen si verd, som viser kvifor det er viktig å ivareta leveområda deira.
Vestnorsk filmsenter sitt styre vedtok 30. november 2023 innstillinga der 20 nye prosjekt blir tildelte midlar.
- Vi ser i årets femte og siste tildelingsrunde ein bransje i stor rørsle med nye samarbeid, sterke historier, prosjekt med viktig natur- og klimatematikk og spennande nye stemmer, seier dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter, Stine Tveten.
Heile 53 søknadar har blitt handsama frå mange sterke prosjekt både på dokumentar- og fiksjonssida.
Viktig natur og- klimarelevans
I årets siste tildelingsrunde mottar tre dokumentarprosjekt med viktig natur- og klimatematikk tilskot til utvikling.
Kieran Kolle, som nyleg mottok produksjonstilskot frå NFI til klimadokumentaren VI SOM SOLGTE LANDET, blir i den femte tildelingsrunden vår tildelt midlar til utvikling av dokumentarprosjektet GRÅDYRAS KAMP saman med Jorunn Børve Eriksen.
- Eit storslått filmatisk portrett av den vakre villreinstamma på Hardangervidda, som no kan stå på kanten av utrydding, seier filmkonsulent Lasse Gallefoss om dokumentarprosjektet.
LIGHT LINES er ein dokumentar om Calum MacIntyre sin kamp for merksemd på natur- og klimakrisa.
Vegard Byrkjeland Aasen og Veri Media sin dokumentar LIGHT LINES mottar også utviklingsstøtte denne runden. Prosjektet starta som eit visuelt slåande eksperiment som skulle få fram menneske sitt inngrep i naturen, men har no utvikla seg til eit portrett av ein ung aktivist som blir pressa til stadig sterkare verkemiddel i kampen for klima.
WATERMOON er óg blant dokumentarprosjekta som mottar midlar til utvikling. I dette dokumentarprosjektet til Jan Inge Skogheim og Fotspor Film møter vi to unge brør som satsar store summar på å gjere ei av Noregs viktigaste eksportnæringar meir bærekraftig - dei vil byggje verdas største og einaste lukka fullskala oppdrettsanlegg under vatn i Hardangerfjorden.
- Den kunnskapsrike og engasjerte regissøren har tidlegare vist stor evne til å formidle utfordringane norsk natur står overfor til eit breitt publikum. No følgjer han ein spennande prosess, der slutten endå ikkje er skriven, uttalar konsulent Lasse Gallefoss om dokumentaren.
Nye spel- og filmsamarbeid
Regissør Eszter Salamon og produsent Anita Norfolk i Folk Film får produksjonsmidlar denne runden til kortfilmen LANDSCAPING. Filmen er eit samarbeid mellom Folk Film, Carte Blanche, KODE og regissør Eszter Salamon, som har bakgrunn som koreograf.
Dette er eit spennande samarbeid med ein veletablert produsent som har fleire nominasjonar og prisar som co-produsent. Blant anna blei nyleg samproduksjonen MOTHERLAND nominert til European Film Awards.
LANDSCAPING er eit kontemplativt uttrykk av oss sjølve, naturen og kva spor menneska set i landskapet rundt seg.
Henchman & Goon har inngått eit samarbeid med Qvisten Animasjon og World of Empathy, der Henchman & Goon i første omgang skal stå for utviklinga av eit spelkonsept sett i Gleding-universet.
- Eit empatisk og underhaldande dataspel for barn, og eit spennande samarbeid mellom eit erfarent bergensk spelselskap og eit av Noreg sine leiande animasjonsstudio, seier konsulent Lasse Gallefoss om spelprosjektet som denne runden mottar utviklingsstøtte.
Merethe Offerdal Tveit har også eit spennande samarbeid på gong med produsent Thorvald Nilsen og Indie Film Bergen. Tveit har blant anna regissert ODELSGUT OG FANTEFØLGE , som vann dokumentarprisen på BIFF i 2020. No har ho gått saman med Indie Film Bergen med dokumentarprosjektet THE LOST LADIES, der vi gjennom møtet med 4 kvinnelege musikarar får innblikk i artistliv med meir vekt på liv enn artist.
- Alle har det til felles at dei er kvinner som gav ut magisk musikk, før dei vart gløymde. Ved å forstå liva og vala til THE LOST LADIES, forsøker regissøren også å forstå sitt eige liv og vala ho endå ikkje har tatt, uttalar konsulent Lasse Gallefoss om prosjektet.
Sterke historier
Regissør Elisabeth Kleppe oppsøker i dokumentaren KLASSE C klassekameratane sine frå barneskulen i Bergen, som i årets femte runde mottar produksjonsstøtte. Berre veker etter skulestart hausten 1980, blei dei omtalte som ein utfordrande klasse.
Gjennom nære samtalar og poetiske rekonstruksjonar, der hovudpersonane vender tilbake til situasjonar frå skulen som har brent seg fast, fortel KLASSE C historia om barna som stillesittande klasseromsundervisning ikkje passar for.
KLASSE C er ein filosoferande og samfunnskritisk dokumentar om barn sin rett til eit godt liv gjennom åra dei er pålagde å gå på skulen.
Filmfotografen Henning Wernøe døde i kamp for Noreg i 1945. Med unike filmopptak frå det fredelege familielivet hans i førkrigstida og dramatiske opptak frå okkupasjonen, fortel dokumentaren MOTSTANDSMANN OG FOTOGRAF ei historie om kjærleik til familien og fridomen.
Regissør Frode Fimland gjorde braksuksess med kinodokumentaren BERGEN - I ALL BESKJEDENHET. No blir ein av denne filmen sine aller sterkaste historier utvida til ein eigen film, som mottar utviklingsstøtte denne runden.
I MOTSTANDSMANN OG FOTOGRAF blir Kjell og Reidun kjende med far sin gjennom 16mm-film og stillbileta han etterlot seg.
Blant tildelingane denne runden finn vi også ei ny lokal krigshistorie frå produsenten av KRIGSSEILEREN. MARTHA T. tar for seg tragedien i Telavågen, og historia blir fortald frå perspektivet til ei 62-år gamal tibarnsmor som medan ho blir stilt overfor ekstreme val framleis held fast på ideala sine.
- Produsent Mer Film og Maria Ekerhovd vil med spelefilmen MARTHA T. utfordre krigsfilmsjangeren, samstundes som dei vil engasjere eit breitt publikum.
Filmkonsulent Hanne-Lovise Skartveit, Vestnorsk filmsenter
Manusforfattar Stig Ryste Amdam har hatt suksess med teaterversjonen av MARTHA T., og har ein tydeleg visjon for prosjektet som skal bli eit tett og nært portrett med stor emosjonell kraft.