Stor vestlandsk merksemd

Nina Knag med stjernelag til spelefilmdebuten, monster frå Sognefjorden skal bli verdskjent, internasjonal merksemd for Viljar Bøe, og Maria Ekerhovd blant dei 40 mest innflytelsesrike kvinnene innan internasjonal film.

Tarek Zayat, Nina Knag og Pia Tjelta. Foto: REinvent International Sales

Nina Knag med stjernelag

I slutten av mai startar innspelinga av regissør Nina Knag sin spelefilmdebut, Eva, i Bergen og Odda - og for eit stjernelag ho har med seg! Skodespelarane inkluderer Pia Tjelta, Kristoffer Joner, Tarek Zayat og Kathrine Thorborg Johansen.

Eva blir den første spelefilmen Screen Story Film og TV skal co-produsere, og det skal dei gjere saman med The Global Ensemble Drama. Produsentane er Eleonore Anselme og Ingrid Skagestad, med Janne Hjeltnes som executive produsent. Co-produsentar er Anders Hereid og Gunhild Oddsen i Screen Story Film og TV.

Monster frå Sognefjorden skal bli verdskjent

Under eit oppdrettsanlegg i Sognefjorden lever Kraken, som no skal det bli kjent over heile verda. Susan Wendt, sjef hos ein av Europas leiande salsagentar, TrustNordisk, melder om stor interesse for bergensfilmen Kraken i Cannes.

– Dette er ein av satsingsfilmane våre, men eg kan diverre ikkje avsløre kven vi sel til enno, seier ho lett hemmelegheitsfull på kontoret i Cannes til BT.

Innspelinga av spelefilmen startar i midten av august, og den skal spelast inn over heile Vestlandet. Pål Øie har regien, som han også hadde på kinosuksessen «Tunnelen» (2019).

– Vi har folk i verdsklasse i regionen, med kompetanse på spesialeffektar, lydarbeid og slikt. Dette skal bli eit løft for filmmiljøet i Bergen, påpeikar produsent Einar Loftesnes til BT.

Internasjonal merksemd for Viljar Bøe

Bergensaren Viljar Bøe er i Cannes for å selje sin andre spelefilm, Over kneet. Bøe og Varde Film frå Os, der han er busett, pitchar filmen for investorar, filmselskap og filmfestivalar, som ein av seks filmar frå heile verda. Dei reknar med at den kjem på kino i siste kvartal i år.

Bøe sin debutfilm, Good Boy, er blitt vist over heile verda, men i Noreg er han framleis eit noko ukjent namn.

Good Boy har skapt sterke reaksjonar. Nokre elskar han, andre hatar han intenst. Eg har til og med fått dødstruslar, seier regissør Viljar Bøe til BT i Cannes. Filmen vart plukka opp av ein britisk salgsagent på Beyond Fest i Los Angeles og er selt til mange land. Han selde billettar for 500 000 på opningshelga i Polen og skal visast på 300 kinoar i Mexico. Filmen har òg fått mykje merksemd på TikTok – 40 millionar visningar til no.

Maria Ekerhovd blant dei 40 mest innflytelsesrike kvinnene innan internasjonal film

The Hollywood Reporter har meldt om «The 40 Most Powerful Women in International Film», og Maria Ekerhovd, grunnleggjaren av Mer Film, er vel fortent å finne på denne lista.

Forrige
Forrige

Til topps i Global Production Awards

Neste
Neste

Vestnorsk i Jihlava