Vestnorsk i Jihlava

Dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter, Stine Tveten, under den offisielle opninga av Silver House i Jihlava, Tsjekkia.

I den vakre byen Jihlava i Tsjekkia har det historiske huset, Silver House, midt i sentrum fått nytt liv. Vestnorsk filmsenter har vore ein norsk partner i dette prosjektet, som har hatt som mål å revitalisere kulturarv. No er det restaurerte bygget opna, og knyter saman historie, kultur, film, utdanning og arkitektur.

Documentary Film Center (DFC) vil ha sin base i dette huset, som har vore Vestnorsk filmsenter sin kontakt i prosjektet. DFC jobbar for å utvikle filmtalent gjennom ulike program innan dokumentar, og dei samarbeider med organisasjonar innan andre kulturuttrykk, utdanningsinstitusjonar og profesjonell bransje. Dei har lenge hatt eit ønske om å etablere noko som kan fungere som eit regionalt filmsenter, og no skal draumen endeleg bli verkeleg.

Kontakten mellom Vestnorsk filmsenter og DFC vart etablert etter at Vestnorsk filmsenter og Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) hadde besøk frå Dokumentarfilmfestivalen i Jihlava for nokre år sidan. Etter ei lang reise med mykje arbeid, var det endeleg tid for opning den 15. mai, og dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter, Stine Tveten, var til stades.

Documentary Film Center (DFC) sin base i Silver House i Jihlava.


Om programmet

Gjennom EØS-midlar bidrar Noreg med økonomisk støtte til utvalde EU-land for å bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa. Overføringane frå Noreg er ein del av EØS-avtalen via Riksantikvaren, og Noreg nyttar støtta aktivt og strategisk for å styrkje samarbeidet med EU. Overføringane har styrkt både den politiske dialogen og ekspertsamarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda.

Prosjektet «Restoration of the Masaryk Square 21 house, Jihlava» er eit samarbeid mellom byen Jihlava, Vestnorsk filmsenter og DOC.DREAM services s.r.o. Det har vore eit vellykka initiativ som no har sett sitt preg på sentrum av Jihlava, og skapt ein ny møteplass med spennande innhald og tilbod for innbyggjarane.

Forrige
Forrige

Stor vestlandsk merksemd

Neste
Neste

Sterk vestnorsk deltagelse i Cannes