Storeslem for Mer Film og Ekerhovd under årets Amanda

Mer Film og bergensprodusent, Maria Ekerhovd, var i år nominerte til heile 15 Amandaprisar. Under prisutdelinga på Filmfestivalen i Haugesund denne helga enda Mer Film opp med sju av prisane, inkludert skodespelarprisar til Ine Marie Wilmann og Pål Sverre Hagen for rollene i bergensfilmen «Krigsseileren».

Foto: Grethe Nygaard, Filmfestivalen

Heider til både Mer Film og Bergen

Produsent Maria Ekerhovd og Mer Film vann beste kinofilm, for Ole Giæver-regisserte «Ellos eatnu – La elva leve». «Krigsseileren» vann i fire av kategoriane under prisutdelinga.

– Ein fantastisk kveld. Eg er utruleg glad for alle prisane. Begge filmane fortel viktige og relevante historier, om kampar som framleis går føre seg, seier Ekerhovd til Bergens Tidende.

Ho meiner at dette er ein heider til både Mer Film og Bergen.

– Det er enormt mange som har bidratt, som viser at vi kan lage filmar på internasjonalt nivå.

Søndag 20. august blei Ekerhovd i tillegg tildelt Aamot-statuetten, Film & Kinos ærespris og høgste utmerking.

- Maria Ekerhovd utfordrar tradisjonelle modellar i bransjen, er risikovillig og open, og ser ting frå eit anna perspektiv enn mange andre, heiter det i Aamot-komitéen 2023 si grunngjeving.

Foto: Grethe Nygaard, Filmfestivalen

Hagen takkar Bergen

Pål Sverre Hagen og Ine Marie Wilmann vann begge to skodespelarprisar for innsatsen i «Krigsseileren».

– Denne kan eg ikkje behalde aleine, denne må eg dele med Kristoffer og Ine – dette var oss! Takk til Bergen by som har fått dette til. Og takk til Gunnar, vi saknar deg. Det arbeidet du har gjort går utover det å berre lage ein film, sa Hagen etter å ha mottatt prisen for beste mannlege skodespelar.

Amandaprisen for beste kvinnelege birolle gjekk til Ine Marie Wilmann, som i sommar blei ferdig med innspeling av På Films «Viktoria må dø» i Bergen.

– Innimellom får ein lov til å lage noko som kjennest viktigare enn andre ting, og då føler ein eit stort ansvar. Det var med stor audmjukskap eg bar historia til kvinner som held kvardagen oppe når verda rasar saman rundt dei. Det var ei fantastisk oppleving, uttala Wilmann om rolla i «Krigsseileren».

Vestnorsk filmsenter på plass i Haugesund

Dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter, Stine Tveten, er på plass under Filmfestivalen i Haugesund.

- Ved sida av «Krigsseileren», er Vestnorsk filmsenter tilskotsgivar til to av årets Amanda-nominerte produksjonar, dokumentarfilmane «Kodenavn: Nagasaki» og «Den siste filmen». Gratulerer til alle nominerte og vinnarane, seier Tveten etter prisutdelinga.


«Krigsseileren» mottok utviklingstilskot frå Vestnorsk filmsenter i 2016 og 2018.

Forrige
Forrige

Takk for sist - vellukka bransjesamling 31. august

Neste
Neste

Program bransjesamling og sensommerfilmfest