Sterke dokumentarprosjekt på gang
Annie debuterer som Drag King i det nyetablerte Haus of Friele, eit dragkollektiv med base på Fincken i Bergen, i dokumentaren Kong Annie.
27. september 2023 vedtok Vestnorsk filmsenter sitt styre innstillinga der 16 nye prosjekt får tildelt midlar.
- Vi ser i årets fjerde tildelingsrunde mange sterke dokumentarprosjekt. Det blir spennande å følgje prosjekta vidare, seier Stine Tveten, dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter.
Blant dei ulike prosjekta som mottar tilskot finn vi også ein actionkomedie for barn basert på Bjørn Sortlands bestselgar «Johnny 777 - Mission 1: Rio de Janeiro» og ein humoristisk animert familiefilm, Kokosbananas og dinosaurjakten.
Goodtime Pictures, Blinkfilm, Filmmakeriet og Invercode mottar produksjonsmidlar, og DLS slår seg saman med nyutdanna manustalent i prosjektet Kryp, som denne runden har mottatt utviklingstilskot.
Johnny 777 blir spelefilm
Mothership Entertainment får i årets fjerde tildelingsrunde midlar til utvikling av ein ellevill og spennande actionkomedie for barn, som er basert bestselgaren «Johnny 777 - Mission 1: Rio de Janeiro» av Bjørn Sortland. Både bok- og manusforfattar har lang erfaring med å engasjere målgruppa med humor, spenning og karakterar i absurde situasjonar, men som publikum likevel kan kjenne seg igjen i.
- Produsenten har vist stor gjennomføringsevne og prosjektet har solid forankring på Vestlandet i alle ledd, uttalar filmkonsulent Hanne-Lovise Skartveit om prosjektet.
Åtte dokumentarprosjekt i utvikling
Blant dei åtte dokumentarprosjekta som har fått utviklingstilskot, finn vi to frå Folk Film, to frå Indie Film Bergen og ein feelgood dokumentar som tar oss heile vegen til draumanes by, Hollywood.
Arctic Blue er eit nytt internasjonalt steg for den prisvinnande bergenske dokumentarprodusenten, Anita Norfolk.
Ein av dei to dokumentarane Folk Film får utviklingsstøtte til er Arctic Blue, om Ismaele som reiser for å fotografere dyra i Nord-Noreg. Barndommens stamming fekk Ismaele til å søke mot naturfotografiet. Langs norskekysten finn han den nordiske blåfargen, og menneske som endrar livet hans.
Indie Film Bergen mottar midlar til Kong Annie. I denne dokumentaren, av dei to Indie Film Bergen får støtte til denne runden, møter vi Annie som debuterer som Drag King i eit dragkollektiv i Bergen. Annie, som aldri har vert ein del av eit skeivt samfunn, møter strenge rammer for kva drag skal vere; rammer Annie ønsker å utfordre.
- Med ein hovudperson som blir følgd frå skapet til kabaretscena, blir ei sterk historie om å våge å vere alle versjonar av seg sjølv fortald, seier filmkonsulent Lasse Gallefoss om dokumentarfilmen.
To særdeles sjarmerande hovudpersonar/regissørar reiser til Hollywood for å lage lågbudsjett-splatter.
Veien til Hollywood virker lang i rullestol handlar om ein filmskapar med beinskjørheit, som mot alle odds følgjer draumen sin om å få lage film i Hollywood. Med ein enorm dedikasjon og mykje hardt arbeid får han det faktisk til, og får moglegheit til å jobbe med ei rekke fantastiske skodespelarar og filmskaparar i draumanes by.
Regissør Per-Ingvar Tomren og Asterion AS får støtte til å utvikle denne feelgood dokumentaren vidare i denne tildelingsrunden.
Produksjonsmidlar til Goodtime Pictures, Blinkfilm, Filmmakeriet og Invercode
Kortfilmane Gårdsflukten og Androida, dokumentaren Huset ved havet og dokumentarserien Human endurance mottar produksjonsmidlar denne runden.
Huset ved havet.
Regissør Michael Axelsson og Goodtime Pictures får produksjonstilskot til kortfilmen, Gårdsflukten, ei poetisk og nær fortelling om å lengte vekk frå den vestnorske barndomsbygda. Regissøren rørte ei heil festivalverd med den førre kortfilmen sin, Odd & Maud, og i Gårdsflukten skal han fortelle i endå større format.
Kortfilmen Androida, ein lo-fi science fiction-thriller frå ei verkelegheit ikkje så fjern frå vår eiga, mottar også midlar til produksjon. Den bergenske regissøren, Andreas Søfteland Milde, har brei erfaring frå ulike tv-seriar, og har med dette prosjektet saman med Blinkfilm moglegheit til å lage ein kortfilm av internasjonalt format.
Tidas tann og naturkreftene blir karakterar i ein vakker film om å bevare, i Filmmakeriet sin dokumentar, Huset ved havet, som óg har mottatt produksjonsstøtte denne runden. Vi følgjer prosessen for å redde det mest fotograferte huset i Lofoten frå absolutt forfall i denne dokumentarfilmen.
Denne tildlingsrunden får også dokumentarserien Human endurance midlar til produksjon.
- I spektakulær norsk natur i Eidfjord foregår eit av verdas tøffaste triathlon, og regissør Christer Fasmer og Invercode viser det ytste av menneskeleg uthald, både i konkurransen og i kvardagen, uttalar Lasse Gallefoss om dokumentarserien .
Ønsker å vidareutvikle animasjonsmiljøet på Vestlandet
Den siste skilling mottar midlar til å vidareutvikle animasjonsfilmen Kokosbananas og dinosaurjakten, ein humoristisk familiefilm om venskap og å tillate seg sjølv å gjere feil.
- I Kokosbananas og dinosaurjakten har forfattar skapt eit originalt univers og karakterar for førskulebarn som boblar over av fantasi, overskot og ville påfunn, seier filmkonsulent Hanne-Lovise Skartveit om prosjektet.
- Produsenten har erfaring med internasjonal samproduksjon av animasjonsfilm og har vist ønske om å vidareutvikle animasjonsmiljøet på Vestlandet.
Hanne-Lovise Skartveit, filmkonsulent
DLS slår seg saman med nyutdanna manustalent
- Eit nyutdanna manustalent med ei interessant stemme har fått med seg ein produsent med stor gjennomføringsevne, og prosjektet har stort potensiale både kunstnerisk og publikumsmessig, uttalar Hanne-Lovise Skartveit om spelefilmprosjektet Kryp som har mottatt utviklingsstøtte denne runden.
Kryp er ein klassisk, men original og relevant skrekkfilm i "body horror"-sjangeren, med potensiale for å begeistre, overraske og vekke attkjenning hos publikum. Filmen tar også det unge publikummet sitt på alvor, og går uredd inn i pubertetens kroppslege utvikling, seksualitet, hormonsvingingar og utanforskap med grøss, ubehag, humor og hjarte.
Manusforfattar, Benedicte Vermehren Kolberg, pitcha prosjektet under Vestnorsk filmsenter si bransjesamling i 2022, og vann årets pitchepris på Barnefilmfestivalen med prosjektet.