Vestnorsk på BIFF

Bergen internasjonale filmfestival 2023 nærmar seg, og vi i Vestnorsk filmsenter gler oss til årets utgåve. Som tidlegare blir vi å treffe på Kulturhuset, i år med kontortid torsdag 19. og fredag 20. oktober, og på laurdag 21. oktober under bransjefesten der vi deler ut årets stipend.

BIFF-programmet 2023 byr på svært mykje spennande, og det er fleire vestnorske premierar, visningar og filmar som deltar i konkurranseprogrammet.

Grill konkurrerer om tittelen Beste norske kortfilm 2023.

Regissør Jade Hærem Aksnes og Zarepta Film Production konkurrerer om tittelen Beste norske kortfilm 2023 med Grill, og har elles ei spennande reise denne hausten som starta med verdspremiere i september under Oldenburg Film Festival. I løpet av samme månad hadde dei også visning under den Oscar-kvalifiserande Calgary International Film Festival, og kortfilmen er óg tatt ut til ei rekke fleire festivalar framover.

Kronisk dans frå Rett Vest, Aldeles sin samproduksjon Matthew og Dei døde konkurrerer om tittelen Beste norske kortdokumentar 2023, der det i tillegg blir verdspremiere av sistnemnde, signert regissør Ian Aannevik og Rakkar AS.

Vi gler oss til Screen Story og produsent Thorvald Nilsen sin dokumentar Renessanseprinsen, Motherland med co-produsent Anita Norfolk og Folk Film, Aldeles og Runar Gudnason sin Eg har ord og Voice med produsent Ane Hjort Guttu og Elisabeth Kleppe.

Renessanseprinsen.

Elles gler vi oss også til programmet på Kort fra vest, som i år er i to delar.

Under del 1 er Grill, Kronisk dans og Matthew å sjå, i tillegg til deltakinga i konkurranseprogram. Det blir også visning av Perdurabo Productions sin Gjenferd, som har verdspremiere under Show Me Shorts Film Festival i oktober. BAKOM-filmen Power Bank er også å sjå på programmet, med Hanne Andersen på regi.

Gjenferd.

Under del 2 blir det verdspremiere av Blinkfilm og regissør Lars Skorpen sin Nummen og Kompendium sin Alrek med Simon Eidesvik på regi. Aldeles og regissør Siri Bråtveit sin Kan noen fortelle meg at alt blir bra og regissør Alexander Ophaug sin Kanskje, for deg står også på programmet, og BAKOM-filmen Nyttårsbarn regissert av Isabel Furhovde.

Blinkfilm og Nummen har verdspremiere under årets utgåve av BIFF.

Vi er glade for å sjå eit sterkt vestnorsk program under BIFF 2023, og Vestnorsk filmsenter gratulerer alle som skal vise film under årets utgåve!

Forrige
Forrige

Bergen kommunes stipend til profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar 2023

Neste
Neste

Sterke dokumentarprosjekt på gang