Also a Life på New Nordic Films og nye innkjøp til Filmbib
Anders Emblem sitt nye spelefilmprosjekt, Also a Life, blei denne veka pitcha på New Nordic Films under Den norske filmfestivalen i Haugesund, og dokumentarane Fetter Helge og Blomster i blodet er kjøpt inn til Filmbib.
Also a Life. Foto: Stær AS
New Nordic Films, marknadsdelen av Den norske filmfestivalen i Haugesund, blir i år arrangert for 30. gong frå 20. til 23. august. I pitcheforumet for nordisk samproduksjon deltok regissør Anders Emblem og produsent Stær AS v/Elisa Fernanda Pirir med spelefilmprosjektet Also a Life, og dei gjorde i samband med dette eit intervju for Variety.
Filmkonsulent i Vestnorsk filmsenter, Hanne-Lovise Skartveit, omtalar prosjektet som kunstnarisk ambisiøst og viktig, med potensiale til å røre og skape debatt. Filmen skildrar kvardagen ved ein avlastningsbolig for born og unge med utviklingshemming og autisme, og viser korleis teamleiar Eivor må navigere seg gjennom komplekse etiske problemstillingar når 18-åringen Lilja med Downs syndrom blir gravid.
Fetter Helge. Foto: Rebel Unit AS.
Norsk filminstitutt (NFI) har i første innkjøpsrunde for 2024 kjøpt inn 31 nye filmar til distribusjon gjennom strøymetenesta Filmbib. Her kan alle med nasjonalt lånekort frå biblioteket sjå norsk kort- og dokumentarfilm gratis. Blant dei nye filmane som blir tilgjengelege, finn vi dokumentarane Fetter Helge og Blomster i blodet.
Fetter Helge, regissert av Frida Eggum Michaelsen, gir eit portrett av regissørens avdøde onkel, Helge Sivertsen. Helge levde eit tilbaketrekt liv i ein drabantby utanfor Bergen og døydde heime aleine etter å ha budd der i 60 år. Filmen er produsert av Mats Andersen og Anita Norfolk for Rebel Unit AS.
Blomster i blodet, regissert av Rune Schytte, fortel historia om anarkisten og kunstnaren Laurie Grundt. Laurie bryt med det etablerte og uttrykker seg gjennom sine politiske dikt og kunstverk, og kastar flammer inn i samfunnsdebatten. Filmen er produsert Smau Media AS v/Anita Vedå.
Blomster i blodet. Foto: Smau Media AS.