Njål Lambrechts med Emmy-nominasjon for Conan O'Brien Must Go

Humorserien Conan O’Brien Must Go er innspelt i Bergen med hjelp frå Truewest AS v/Njål Lambrechts. Serien hadde verdspremiere 18. april på MAX. Foto: Conaco / MAX

Njål Lambrechts er Emmy-nominert for serien Conan O’Brien Must Go i kategorien Outstanding Hosted Nonfiction Series Or Special! Den 76. utgåva av den prestisjefulle Emmy Awards går av stabelen 15. september på Peacock Theater i Los Angeles.

Ein av verdas mest kjende komikarar og programleiarar, Conan O'Brien, skapte furore då han var i Bergen i fjor. I serien legg den prisløna programleiaren ut på tur til Noreg, Thailand, Argentina og Irland for å møte menneske han har blitt kjend med gjennom podkasten Conan O’Brien Needs a Fan, der han pratar med lyttarar frå heile verda.

Opptaka i Bergen starta 8. mars 2023, og Conan og teamet hans var her i fire dagar, inkludert ein tur til vikingbyen i Gudvangen. Etterpå reiste dei vidare til Lofoten.

- Det er utruleg spennande og ærefullt å bli nominert til Emmy. Det er ei anerkjenning av eit fantastisk lagarbeid med mine fantastiske kollegaer; Kjetil Matisen, Iselin Dyrøy, Hanne Nord og Petter Stokke.

Njål Lambrechts, produsent i Truewest

Conan O’Brien Must Go hadde premiere 18. april på MAX (HBO). Serien er produsert av Conaco med Conan O'Brien sjølv og Jeff Ross som eksekutive produsentar. Opptaka i Noreg blei gjennomført i samarbeid med Njål Lambrechts og Truewest AS.

Vestnorsk filmsenter gratulerer med nominasjonen!

Forrige
Forrige

Also a Life på New Nordic Films og nye innkjøp til Filmbib

Neste
Neste

Eit aktivitetsrikt halvår i gang