Bergen kommunes stipend til profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar 2023

Bergen kommune har i år delt ut 28 etableringsstipend, 33 kulturstipend og 7 arbeidsstipend, med fleire filmarbeidarar blant stipendmottakarane. Vestnorsk filmsenter deltok på utdelinga 4. oktober på Bergen Kjøtt.

- Stipenda er noko av det viktigaste vi har for å styrke kunstnarøkonomien, sa kulturbyråd i Bergen kommune, Eduardo Andersen, frå scena under utdelinga.

Regissør og manusforfattar Jade Hærem Aksnes mottok arbeidsstipend, og blei rosa for den uredde samfunnskritiske klangen i arbeidet hennar.

Alexander Ophaug, Ina Lerner Grevstad og Stian Indrevoll blei tildelte kulturstipend, og Fotspor Film, Malin Hannesdatter Sunde og Pål Rønnevik mottok etableringsstipend.

Frå venstre: Fotspor Film v/Jan Inge Skogheim og Trude Refsahl, Malin Hannesdatter Sunde, Jade Hærem Aksnes og Alexander Ophaug.

- Vi veit at stipenda er viktige for kunstnarane som mottar denne støtta, og at kulturbyen Bergen får veldig mykje igjen for pengane. Stipenda fører til auka aktivitet i kulturfeltet, og bidreg til at kunstnarar ønsker å bu og arbeide i byen vår, uttala kulturbyråden.

Vestnorsk filmsenter gratulerer alle mottakarane av årets stipend frå Bergen kommune!

Forrige
Forrige

Statsbudsjettet: Dette betyr det for vestnorsk filmbransje

Neste
Neste

Vestnorsk på BIFF