Eit aktivitetsrikt halvår i gang

Foto: Høghornet / Møre og Romsdal

Sommarferien er over, og Vestnorsk filmsenter er i full gang med eit nytt aktivitetsrikt halvår! Senteret sin neste søknadsfrist 12. august nærmar seg, og vi jobbar deretter på med handsaming av søknadane fram mot det neste styremøtet vårt 25. september.

Åra går raskt, og det er snart tid for å tilsetje filmkonsulent for eit nytt åremål på 4 år i 100 % stilling. Den nye konsulenten vil arbeide for den vestlandske filmen i tett samarbeid med bransjen. Stillinga er utlyst på Finn, og vi oppfordrar til å spreie annonsa.

Før sommaren gjekk vi ut med informasjon om at senteret opnar for produksjon av spelefilm og drama denne hausten. Vi gjer no dei siste førebuingane før søknadsportalen opnar for ordninga tidleg i september, med søknadsfrist 15. oktober.

Vi kunngjorde også før ferien at BAKOM skal opne for to produksjonsstipend for registrerte medlemmar. Meir informasjon kjem.

Vi gler oss til å nok ein gang samle den profesjonelle norske dokumentarfilmbransjen på Solstrand Hotel & Bad frå 9. til 11. desember 2024 for den 15. utgåva av Dokumentarkonventet. Påmeldinga opnar tradisjon tru 15. august. Følg med i Dokumentarkonventet sine kanalar for oppdateringar.

Vestnorsk filmsenter ser fram til eit nytt, innhaldsrikt halvår for den vestnorske filmbransjen!

Forrige
Forrige

Njål Lambrechts med Emmy-nominasjon for Conan O'Brien Must Go

Neste
Neste

Premierar og strøymemoglegheiter